Smugtitt på kvardagen

Silje

 

Tenkte kanskje da kunne vera kjekt å veta litt om kvardagen her på den andre delen av halvkula! Det er framleis sånn at me er samla tre team ilag i byen Antsirabe. Ingen av oss skal egentleg vera her resten av opphaldet, men det er no her me er, og det er denne staden me kjenner best på Madagaskar.

Kvar dag byrjar med at me høyrer kyrkjeklokkene kime frå alle kanter. Det startar i 5-tida og blir gjenteke med uregelmessige mellomrom gjennom heile dagen.

Me har to bolker på to timer med språkundervisning kvar dag. Ein om morgonen og ein om ettermiddagen. Tilsamen skal me ha 60 timar med språkundervisning i løpet av desse tre vekene me er på Lovasoa. Det skulle bety at me blei kjempeflinke i språket til me gjekk ut herifrå som uteksaminerte gassiskelever. Faktum er at det tek tid å læra seg språk. Det tek tid å huske alle orda me lærer, og det tek tid å verkeleg forstå systema.

Berre tenk på at du har lært engelsk sidan du var fem og kunne sei «yes» og «no», og du var den kulaste ungen i verda fordi du kunne engelsk. Så innsåg du fem år seinare, då du var ti, litt av, kor vanskelig og komplisert engelsk er, og kor uendelig mange ord det finst og kor dritt det var med gloseprøven i enden av veka. Vidare fem år, du er femten, og mange er blitt ganske brukbare i engelsk, men framleis er det litt strev med ordforråd og fleirtals «s». Ikkje før om to år er du ferdig med obligatorisk engelskundervisning, og du er lukkeleg for at du no heller kan konsentrer deg om viktigare ting i livet og bruke engelsk når du vil og når det er verkeleg nødvendig. Den prosessen tek sånn 10 til 12 år, prosessen med gassiskundervisninga vår tek ca 0,06 år.

Men det går sikkert fint.  Me har gode, grundige, engasjerte og forståelsesfulle lærarar, så eg har ikkje mista trua, heilt. Derimot at har eg store forhåpningar til å kunne klare å kommunisere ganske greitt etter ei stund med berre praksis, og så har eg eit lite håp om å kunne snakka med folk i april. Så motivasjonen til å være god er på plass, då var det berre å ha motivasjon til å gå oppoverbakken også.

Som du ser, tek det litt på dette med språk, men så er det også den eine tingen me skal her då, så det får vera greit. Resten av dagen brukar me på å gå på markedet, det store allemannsmarkedet Sabotsy ny Tsena eit stykke unna, eller på vazaha-markedet like ved. Melk, kjøttpålegg, pasta og frukostblanding er sånn ein må få tak i på innvandrerbutikkane/dei franske supermarkedene.

Ellers er livet fint og me skal ha pasta bolognese til middag. 🙂

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s